thumb|left|150px|Detalj av portal. Lomen stavkyrkje er ei stavkyrkje med heva midtrom som ligg i bygda Lomen i Vestre Slidre kommune i Innlandet. Ved hjelp av årringsdatering er kyrkja datert til 1179. Dei første skrivne kjeldene som omtaler kyrkja er frå 1325 og 1334.

Kyrkja blei seinare bygd om og gjort større i 1779. Ho gjekk ut av dagleg bruk i 1914 då den nye Lomen kyrkje var ferdig om lag 2 km lenger nord.

Innvendig er kyrkja støtta på fire stavar, ho har tre utskårne portalar, arkadar og søylekapitel.

Under den siste restaureringa av kyrkja blei det utført ei arkeologisk utgraving, og 71 gjenstandar blei funne, blant anna delar av smykke og myntar. Nokon av myntane stamma frå 1100-talet.

thumb|left|Lomen stavkyrkje seint på 1800-talet. thumb|left|Lomen stavkyrkje i juli 2022.

Litteratur Bugge Gunnar & Mezzanotte Bernadino. (1994) Stavkirker. Oslo. s. 45, ISBN 82-504-2072-1.

Bakgrunnsstoff Lomen stavkyrkje hjå Riksantikvaren. Lomen stavkyrkje i Stavkirke.org. Lomen Church i Valdres Samband. (engelsk)

Kategori:Norske stavkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer i Vestre Slidre Kategori:Freda bygg i Innlandet Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Kulturminne i Vestre Slidre Kategori:Kyrkjer i Valdres prosti