Carl Martin Ellingsen () var ein forretningsmann frå Sortland og Venstre-politikar.

Ellingsen var son til ein handelsmann i Sortland. I yngre år dreiv han som notbas. Sidan var han gardbrukar og handelsmann på Kvitnes i Hadsel etter far sin, som hadde flytta til staden frå Sortland.

Ellingsen var mellom dei leiande i Hadsel. Mangeårig medlem av heradsstyret, nokre år var han ordførar. Han var disponent for Kvitnes salt- og tøndelager. Elles var han mellom anna styreformann i Hindø dampskipsselskap og styremedlem i Vesteraalens dampskipsselskap.

Ellingsen var stortingsrepresentant i fem valperiodar. På Stortinget representerte han Venstre og Nordlands amt i periodane 1886-91 og 1895-97, og einmannskrinsen Vesterålen 1906-09 og 1913-15. Han var medlem av tollkomiteen 1866-88, av vegkomiteen 1889-91, 1906-09 og 1913-15 og militærkomiteen 1895-97. Han var medlem av Lagtinget i alle sesjonane, bortsett frå dei to fyrste.

I åra 1905-11 var Ellingsen medlem av riksskattekommisjonen. Han var også medlem av to departementale komitear, ein om sildetønner og vraking av sild, ein annan om nytt fiskeristyre.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff Norsk Samfunnsvitenskapelig Datatjeneste, Politikerarkivet 1814-1905 Otto Jørgensen: Stamtavle over den Nordenfjellske gren av slekten Blix

Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Folk frå Sortland