Hagerips, i daglegtale kalla rips er ein bærberande busk. Planten var opphavleg viltvoksande, men det er den dyrka ripsen som er best kjent. Rips finst som raude, gule eller kvite bær og blir kalla etter det raudrips og kvitrips. Det er raudrips som er mest vanleg i Noreg.

Som hagebær er ripsen ein av dei mest hardføre bærbuskane i Noreg. Sylting av rips har vore kjent heilt sidan 1600-talet, og på 1700-talet var buskene svært utbreidde.

Rips inneheld ein god del C-vitamin og mineral, i tillegg til stoffet pektin som gjer bæra veleigna seg til gelé og sylting.

Den norske sesongen er frå juli-september.

Rips i Noreg

Raude sortar

Jonkheer van Tets Raud hollandsk druerips Nortun Jotun Atlas

Kvite sortar

Kvit hollandsk Weise von Joteberg

Sjukdommar og skadedyr

Bladrandsjuke Ripsbladlus Bladfallsopp

Bakgrunnsstoff

Agropub Jon Ramstad, Hagebrukslære for landbruksskolen. Landbruksforlaget, 1972.

Kategori:Bær Kategori:Ripsfamilien Kategori:Hageplantar