thumb|right|250px|Portal frå Ulvik Stavkyrkje Ulvik stavkyrkje var ei stavkyrkje i Ulvik i Hardanger, som vart riven rundt 1711. Det er bevart to sidestykke frå ein portal i kyrkja. Kyrkja stod på garden Nedre Hakastad, om lag ein halv kilometer nordaust for der kyrkja i Ulvik ligg no.
Historie
Ei kyrkje i Ulvik er første gong nemnd i 1309, då ein Torgils er nemnt som prest i kyrkja i Ulvik.«Thorgille presbiter ecclesie de Ulfvik». Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 367-368. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum III, 85 Ein rapport frå 1709 seier at kyrkja var «en meget gammel og forfalden stavkirke, som høilig behøver at bygges ganske af nyt tømmer». Det var ikkje lenger trygt å halda gudsteneste i kyrkja, men bøndene kvidde seg for kostnadene ved å byggja ny kyrkje, og heldt difor på den gamle. I 1711 var det likevel bygd ei ny kyrkje, «en smuk ny tømmerkirke», ifølgje rapporten frå 1722. To utskårne dørplankar frå stavkyrkja vart sett inn i den nye tømmerkyrkja. Denne kyrkja vart igjen riven i 1859, og erstatta med dagens Ulvik kyrkje. Dørplankane hamna då i Bergen museum.
Utsjånad Ein synfaringsrapport frå 1665 nemner «taget over koret og det stykke ved og under taarnet».Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 368 Dette syner at kyrkja har hatt ein takryttar eller eit tårn. Rapporten frå 1665 nemner òg svalgangar og eit stigehus. Ifølgje rekneskap frå 1699-1701 var kyrkja ei stavkyrkje med omgåande svalgang. Dei bevarte dørplankane frå ein portal i kyrkja, er utskårne, i stilen som Lorentz Dietrichson kalla «den sogn-valdreske type». Han skildra portalen som eit «ypperlig arbeide». Overstykket på portalen som dei var ein del av, manglar. Dietrichson meinte at portalen, og dermed stavkyrkja, måtte vera laga i første halvdel av 1200-talet.
Kjelder Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Kulturminne i Ulvik Kategori:Kyrkjer i Ulvik Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg