Vikøy stavkyrkje var ei stavkyrkje i Vikøy i noverande Kvam herad i Hardanger, nær Norheimsund, som vart riven i 1839. Det er ikkje bevart nokon kjende bygningsrestar frå kyrkja.

Historie Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Eit Vikøy kyrkjesokn er første gong nemnt i kjeldene i 1317, og det må altså ha stått ei kyrkje på Vikøy då.«...j Vikœyiar kirkiu sokn». Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 477. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum IV, 119 Då kyrkja vart riven vart det funne seks myntar og brakteatar. Den eldste var frå Håkon V si regjeringstid (1299-1319).

I 1665 trong kyrkja nye sperrer til taket og stavar. Ho vart riven i 1839,Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 477 like etter at ein bygde langkyrkja Vikøy kyrkje.

Utsjånad I 1665 vert det omtala ei «dør paa Svalens nordre Side».Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 477 Kyrkja hadde altså svalgang. Ho hadde eit tårn seinast i 1712. På 1700-talet var ho måla («smukt malet») inni. Breidda på skipet tyder på at ho var treskipa med heva midtrom. Det seiest at ho likna på Stedje stavkyrkje. Storleiken på skipet var 48 fot gonger 28 fot (om lag 15 m x 9 m) og koret 20 fot gonger 22 fot (6 m x 7 m).Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 477

Kjelder

Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892)

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Kyrkjer i Kvam Kategori:Kulturminne i Kvam Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg