Nils Jensson Melhus () var ein gardbrukar og stortingsmann frå Melhus i Sør-Trøndelag.
Melhus var gardbrukar på farsgarden Melhus i Melhus sokn. Han var i om lag 20 år ordførar i heradet og forlikskommissær i om kring 25 år. I tillegg hadde han fleire offentlege verv på amtsnivå, mellom anna var han medlem av tilsynskomiteen for Trondheim-Tynsetbanen.
Han var 2. representant på Stortinget frå Søndre Trondhjems amt i 1883-85 og 1. representant for perioden 1889-91. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen, i den andre av næringskomite nr 2 og valkomiteen.
Melhus døydde 1912 på sjukehuset i Trondheim.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar for Søndre Trondhjems amt Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Melhus