Christchurch (maori Ōtautahi) er den største byen på Sørøya på New Zealand, og det nest største urbane området i landet. Byen ligg i regionen Canterbury og er ein eigen City. Han ligg om lag ein tredjedel sørover langs austkysten av Sørøya, like nord for Bankshalvøya, som sjølv har lege innanfor grensene til Christchurch sidan 2006.

Byen vart gjeven namn av samskipnaden Canterbury Association, som starta busetjinga av den omliggjande provinsen Canterbury. Det vart semje om namnet Christchurch på det første møtet samskipnaden hadde, den 27. mars 1848, og han er oppkalla etter Christ Church i Oxford. Nokre tidlege skribentar har kalla byen Christ Church, men namnet vart nedteikna som Christchurch på dette første møtet. Christchurch fekk status som City ved eit kongebrev av 31. juli 1856, og er med det offisielt den eldste byen på New Zealand.

Elva som renn midt gjennom byen - og der breiddene no for ein stor del dannar ein urban park - fekk namnet Avon etter ønske frå pionerbrørne Deans, til minne om den skotske Avon, som spring ut i Ayrshire nær garden til bestefar deira, og som renn ut i Clyde.

Det vanlege maorinamnet på Christchurch er Ōtautahi ('staden til Tautahi'). Dette var opphavleg namnet på ein bestemt stad ved Avon, nær dagens Kilmore Street og den sentrale brannstasjonen. Staden var ein sesongtilhaldsstad for høvdingen i iwien Ngāi Tahu, Te Potiki Tautahi, som elles heldt til i Port Levy på Banks Peninsula. Namnet Ōtautahi kom i bruk på 1930-talet. Før den tid hadde Ngāi Tahu stort sett omtala Christchurch-området som Karaitiana,Ōtautahi (frå vevsida til Christchurch City Library) ei omskriving av det engelske namnet.

Historie Oversyn Arkeologiske funn i ei grotte ved Redcliffs i 1876 tyder på at området der Christchurch ligg først vart busett av moa-jegerstammar kring 1250. Ein meiner at desse første innbyggjarane vart etterfølgde av Waitaha-stammen, som skal ha flytta frå austkysten på Nordøya i det 16. hundreåret. Etter stammekrigar vart Waitaha fortrengt av Ngati Mamoe-stammen. Desse vart i sin tur underlagde Ngāi Tahu, som rådde over området fram til europearane kom dit.

Europeisk innvandring Etter at brørne Weller, kvalfangarar frå Otago og Sydney, kjøpte land ved Putaringamotu (våre dagars Riccarton), kom ei gruppe europeiske nybyggjarar under leiing av Herriott og McGillivray og slo seg ned i det som no er Christchurch tidleg i 1840. Dei vart ikkje verande lenge, og det fråflytta landet deira vart overteke av brørne Deans i 1843, og desse vart verande. Dei First Four Ships ('første fire skipa') var leigde av Canterbury Association og frakta dei første 792 av «Canterbury-pilegrimane» til Lyttelton Harbour. Desse seglskutene var «Randolph», «Charlotte-Jane», «Sir George Seymour» og «Cressy». «Charlotte-Jane» var det første skipet som nådde fram, den 16. desember 1850. Canterburypilgrimane hadde som mål å byggja ein by kring ein katedral og ein høgskule etter modell av Christ Church i Oxford.Cathedral History (frå den offisielle vevsida til Christ Church cathedral)

Kaptein Joseph Thomas, Canterbury Association sin sjefslandmålar, målte opp området kring busetnaden. I desember 1849 hadde han starta bygginga av ein veg frå Port Cooper, seinare Lyttelton, til Christchurch via Sumner. No baud dette på større vanskar enn venta, og bygginga av vegen vart stansa, medan ein bratt gang- og pakkhest-veg vart bygd over åsen mellom hamna og Heathcote valley, slik at det vart tilgang til staden der den planlagde busetnaden skulle liggja. Denne stien vart kalla Bridle Path ('begselstien'), fordi han var så bratt at pakkhestane måtte leiast etter begslet.Rescue, the Sumner community and its lifeboat service - Amodeo, Colin (editor), Christchurch: Sumner Lifeboat Institution Incorporated, 1998 mini|Den anglikanske katedralen vart bygd ferdig i 1904, og har seinare vore eit midtpunkt i byen. Foto frå 2006, tårnet vart øydelagt under jordskjelvet i 2011.

Gods som var for tungt eller for stort til å fraktast på hesteryggen over Bridle Path, vart skipa på små seglskuter om lag 13 km rundt kysten og opp elvemunningen til Ferrymead. Den første offentlege jarnvegslinja på New Zealand, Ferrymead railway, vart opna frå Ferrymead til Christchurch i 1863. På grunn av vanskane med transport over Port Hills og farane med skipsferdsel over Sumner-terskelen, vart det sprengt ein jarnvegstunell gjennom Port Hills til Lyttelton, han vart opna i 1867.Christchurch City Libraries

Christchurch fekk altså status som by (City) i 1856, som den første på New Zealand. Mange av byen sine gotiske bygningar, teikna av arkitekten Benjamin Mountfort, skriv seg frå denne perioden.

Vegtunellen mellom Lyttelton og Christchurch vart opna i 1964.Te Ara Encyclopedia of New Zealand

Porten til Antarktis mini|venstre| Det amerikanske antarktiske senteret i Christchurch. Christchurch har ein plass i soga om utforskinga av Antarktis – både Robert Falcon Scott og Ernest Shackleton brukte hamna i Lyttelton som ein utgangsstad for ekspedisjonane sine, og der er ein statue av Scott, laga av enkja hans, Kathleen Scott, sentralt i byen.

I byen tek Canterbury Museum vare på og viser fram mange historiske ting og forteljingar frå oppdaginga av Antarktis.

Christchurch International Airport gjer teneste som hovudbase for dei italienske og amerikanske antarktisprogramma så vel som det newzealandske programmet. Det internasjonale antarktiske senteret her utgjer både ein base for aktivitetane og har eit museum og informasjonssenter med fokus på dei noverande aktivitetane i Antarktis. Den amerikanske marinen, og seinare luftstyrken i den amerikanske nasjonalgarden, forsterka med luftstyrkar frå New Zealand og Australia, brukar Christchurch Airport som avgangsstad for den viktigaste forsyningsruta til McMurdo- og Scott-basane i Antarktis. Distribusjonssenteret i Christchurch, for klede til bruk under ekstremt kalde tilhøve, hadde utstyr til nesten 2000 deltakarar i det amerikanske Antarktisprogrammet i 2007-2008-sesongen, i alt meir enn 140 000 plagg.

Jordskjelv 2010–2012 mini|Den anglikanske katedralen. Foto frå 2011, tårnet vart øydelagt under jordskjelvet i februar 2011. Eit større jordskjelv med styrke 7,1 på Richters skala råka Chistchurch klokka 04:35 lokal tid, laurdag 4. september 2010. Episenteret låg kring 30 km nordvest for bysentrum, nær Darfield, 10 km djupt. Trass i vidstrekte øydeleggingar var der ingen omkomne.

Eit nytt jordskjelv med styrke 6,3 på Richters skala og med episenter like nord for forstaden Lyttelton, 10 km søraust for sentrum og 5 km djupt, råka byen klokka 12:51 lokal tid tysdag 21. februar 2011, og førte til store skadar sentralt i byen. Det var omfattande skadar på vegnettet, på forsyninga av elektrisitet og vatn, og på kloakkanlegga. I løpet av første seks og ein halv time etter hovudskjelvet vart det i alt registrert 25 etterskjelv med styrke mellom 5,7 og 3,4New Zealand Herald om Christchurchskjelvet i februar 2011.. Etterskjelva heldt fram i månadane etterChristchurch shaken by 4.3 magnitude quake, nzherald.co.nz, 24. april 2011. I alt døydde 184 personar som følgje av skjelvet, og ei rekkje bygningar raste saman eller måtte rivast. Ein del av sentrumsområdet i Christchurch har vore avsperra etter dette skjelvetSouthern tourist towns suffer after earthquake, nzherald.co.nz, 27. april, 2011. mini|høgre|Den kollapsa Pyne Gould Building. Tretti av dei to hundre arbeidarane i bygningen vart innestengde etter jordskjelvet i februar 2011.

Sjølv om dette skjelvet hadde lågare momentmagnitude enn det førre, vart intensiteten og styrken til skjelvinga i jorda målt til å vera IX på den modifiserte Mercalliskalaen (MMI), mellom det sterkaste som nokon gong er målt globalt i eit urbant område. Skjelvet kom etter middag på ein travel vekedag med mange menneske på arbeid og i sentrum, og resulterte altså i at 184 menneske omkom. Dette skjelvet førte til den første unntakstilstanden på New Zealand. Mange bygningar og landemerke vart sterkt skada, mellom desse den ikoniske Shag Rock og Christchurch Cathedral.

Den 13. juni 2011 vart Christchurch på nytt råka av to sterke etterskjelv. Det første med styrke 5,6 og 9 km djupt, kom klokka 13:00 i området ved Sumner. Dette vart følgt av eit anna med styrke 6,3, 6 km djupt klokka 14:20, også ved Sumner. Dette medførte meir likvifaksjon og bygningsskadar, men ingen fleire liv gjekk med.

Det kom fleire jordskjelv den 23. desember 2011. Det første, med styrke 5,8, 26 km nordaust for byen, 4,7 km djupt, klokka 13:58, følgd av fleire etterskjelv og eit nytt skjelv med styrke 6,0 og same lokalisering 80 minuttar seinare, og ei rekkje etterskjelv kom det første døgnet.BBC: New Zealand's Christchurch rocked by earthquakes, 23 December 2011nzherald.co.nz: Christchurch: More quakes expected, 23 December 2011 Ambulansetenesta St John Ambulance rapporterte etter dei to skjelva at det var mindre skadar på hus og forretningar, men ingen alvorlege personskadar og få indikasjonar på at bygningar var i ferd med å kollapsa.TVNZ: Evacuations as large quake rocks Christchurch, 23 Dec 2011 Christchurch International Airport var stengd ei kort tid. Der var brot på tilførslene av vatn og straum i New Brighton og større skadar i Parklandsområdet, både på vegar og gangstiar.

Christchurch fekk nye jordskjelv natta til 2. januar 2012. Det første, som kom klokka 01:27, hadde styrke 5,1. Det vart følgt fem minuttar seinare av eit etterskjelv med styrke 4,2. Det andre og noko sterkare skjelvet kom klokka 05:45 og hadde styrke 5,5. Skjelva førte til straumbrot i dei austlege forstadane Parklands, New Brighton, Shirley, Dallington, Burwood, Spencerville og Richmond, og om lag 10 000 heimar vart råka. Stuff: Earthquake swarm rattles Christchurch, 02 January 2012]

Geografi mini|venstre| Satellittfoto av Christchurch og Bankshalvøya (frå NASA Landsat 2001). Christchurch ligg i Canterbury, på austkysten av Sørøya, aust for Canterbury Plains. Byen ligg nær den sørlege enden av bukta Pegasus Bay, og grensar i aust til stillehavskysten og estuaret til elvene Avon og Heathcote River. Mot sør og søraust grensar den urbane delen av byen til dei vulkanske liene Port Hills som skil han frå Banks Peninsula. I 2006 vart Bankshalvøya innlemma i byen, og landarealet til Christchurch vart dermed tredobla, medan folketalet berre auka med kring 8 000. Mot nord grensar byen til den forgreina Waimakaririelva.

Christchurch er ein av berre åtte byar i verda som har ein nesten nøyaktig antipodeby. Halvparten av desse antipodepara ligg på New Zealand og i Spania/Marokko – med A Coruña i Spania som antipoden til Christchurch.

Christchurch si vassforsyning har vorte rangert som ei av dei med best kvalitet i verda.Community Outcomes Baseline Report: Chch City Council Ubehandla, naturleg filtrert vatn vert ført til byen via meir enn 50 pumpestasjonar kring byen, frå oppkommer som ligg ved foten av Søralpane.Where our water comes from - Chch City Council

Sentrale bydel Sentralt i bykjernen ligg Cathedral Square, som omkransar domkyrkja, Christ Church. Utanfor denne plassen, og innanfor «dei fire avenyane» i Christchurch (Bealey Avenue, Fitzgerald Avenue, Moorhouse Avenue og Deans Avenue) ligg det sentrale forretningsstrøket i byen. Den sentrale bydelen har også ei rekkje friluftsområde.

Cathedral Square er ein populær møteplass med ulike attraksjonar som til dømes speaker's corner. Sentralt i byen ligg òg gågata Cashel Street som er ei viktig handlegate i Christchurch. I enden av denne gata ligg Bridge Of Remembrance ('minnebrua'), i den andre enden staden til det tidlegare amfiteateret som var kjent som Hack Circle.

Området Cultural Precinct gir eit bakteppe til ei pulserande scene av stadig skiftande kunstartar, kultur og arv, innanfor eit område på mindre enn éin km². Christchurch kunstsenter, Canterbury Museum og Christchurch kunstgalleri ligg alle i Cultural Precinct. Storparten av aktivitetane er gratis, og der finst eit utskriftsvenleg kart over området.The Cultural Precinct