Loch Shin (skotsk-gælisk Loch Sìn) er ein innsjø nordvest i Dei skotske høglanda. I sør ligg den vesle byen Lairg. Innsjøen er den største i Sutherland, og strekkjer seg frå nordvest til søraust med ei lengd på 27,2 km.

I 1950-åra vart vassnivået heva med 10 meter då Lairg Dam vart bygd av Wimpey Construction som ein del av vasskraftutbygging i området.

Innsjøen er omgjeve av høge fjell, som Ben More Assynt i vest og Ben Klibreck i aust. Innsjøen vert drenert ut i Nordsjøen via den korte River Shin som munnar ut i Dornoch Firth.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Loch Shin» frå , den 4. september 2010.

Bakgrunnsstoff Tour Loch Shin Loch Shin vasskraftutbygging Hydro Scotland

Shin