Llyn Bodgynydd er ein innsjø i Gwydir-skogen i North Wales. Han er 5,7 hektar stor og ligg ca. 270 meter over havet.

Han vert lokalt kalla «Llyn Bod» eller «Bod Mawr» (stor), for å skilje han frå eit mindre vatn like ved («Bod Bach» eller «Cors Bodgynydd-reservoaret») i nordaust. Vatnet frå det største vatnet renn ut i det mindre vatnet. mini|venstre|«Bod Bach», den minste av Bodgynydd-sjøane Begge innsjøane vart demde opp for å skape reservoar som dreiv det store vasshjulet i den nærliggande Pandora-gruva, men dei inneheld no mindre vatn enn dei gjorde før Bod Bach-dammen vart øydelagd.

Eit område ved sidan av det minste vatnet er omgjort til Cors Bodgynydd naturreservat på grunn av det varierte dyre- og plantelivet der.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Llyn Bodgynydd» frå , den 4. september 2010. oppgav desse kjeldene: The lakes of Eryri, av Geraint Roberts, Gwasg Carreg Gwalch, 1985

Bodgynydd, Llyn Llyn Bodgynydd