Stortingets kommunalkomité er ein tidlegare fagkomité på Stortinget.
Den var i verksemd fram til 10. oktober 1972, då Stortingets kommunal- og miljøvernkomité vart oppretta, med dei same medlemmane som i kommunalkomiteen.
Stortingets kommunal- og miljøvernkomité var i verksemd fram til den var nedlagt i 1993, då Stortingets kommunalkomite på nytt vart oppretta, med ein vesentleg del av saksområdet frå nedlagde komiteen.
Stortingets kommunalkomité var deretter i verksemd i stortingsperiodane 1993-1997, 1997-2001 og 2001-2005.
Komiteen vart då på nytt lagt ned, og vart for ein stor del erstatta av den nye Stortingets kommunal- og forvaltingskomité.
Kjelder Stortinget.no, vitja 5. september 2010
Bakgrunnsstoff Oversikt over alle medlemmer av Stortingets kommunalkomité frå 1945 ved Stortinget.no
Kommunal- og miljøvernkomiteen Kategori:Skipingar i 1972 Kategori:Nedleggingar i 1993 Kategori:Tidlegare stortingskomitear