Springfrø er ei plante i springfrøslekta i springfrøfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta er kring 50 cm høg, og har gjennomskinleg stengel og spreidde blad. Hangande gule blomstrar som minner litt om ein maskeblomster eller ein orkide. Modne kasplar eksploderer og kastar ut frøa når noko kjem innåt. Springfrø bBlømer kring juli månad på fuktige stader i skugge. Planta finst i Noreg på delar av Austlandet, nord på Vestlandet, på Møre, i Trøndelag og Nordland.
Kjelder Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Denne artikkelen bygger på «Springkorn» frå , den 9. september 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Plantar i Noreg Kategori:Springfrøfamilien Kategori:Springfrøslekta