mini|Landskap som syner breksje (pila) ved Alamo-nedslaget, nær Hancock Summit i Pahranagat-fjella i Nevada. Alamo-nedslaget eller The Alamo Impact er eit nedslagskrater i Nevada i USA. Krateret oppstod då ein komet trefte det som då var eit gruntvassområde på kontinentalsokkelen for om lag 367 millionar år sidan. Nedslaget førte til ein tsunami på opp mot 300 meters høgd. Krateret som oppstod på havbotn hadde ein diameter på 50-80 km, og ein trur at kometen må ha hatt ein diameter på minst 1 km.

Nedslaget er eit av dei mest tydelege som finst på jorda i dag, og dermed eit av dei mest nøyaktig daterte nedslagshendingane. Det skjedde i alderen frasnium i devontida, for om lag 367 millionar år sidan. Sjølv om omfanget av nedslaget er tydeleg nok, veit ikkje nøyaktig kvar nedslaget var, eller den nøyaktige diameteren til krateret.

Nedslaget er kalla opp etter byen Alamo i nærleiken av nedslagskrateret.

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Alamo bolide impact» frå , den 10. september 2010.

Kategori:Nedslagskrater i USA Kategori:USA-amerikansk geologi Kategori:Geografi i Nevada Kategori:Geografi i Utah Kategori:Devontida