75 (romartal LXXV) var eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen. I samtida i Romarriket var det kjent som året då Augustus og Vespasianus var konsular (eller sjeldnare, år 828 ab urbe condita).

Hendingar Gaius Plinius Secundus byrja truleg å skriva Naturalis Historiæ dette året. Fredstempelet eller Vespasian-forumet blei bygd i Roma som eit av Keisarforuma. Tempelet feira erobringa av Jerusalem (i år 70) og inneheldt menoraen frå Det andre tempelet i Jerusalem.

Fødde Suetonius, romersk historikar

Døde Han Mingdi, kinesisk keisar av Han-dynastiet