Thomas Breen () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Hedmark ved stortingsvalet i 2009.

Breen vart utnemnd som vararepresentant til Stortinget frå Hedmark i 2005. Han møtte fast som medlem i justiskomiteen, ettersom den valde representanten Knut Storberget var i regjering. Frå 2009 er Breen medlem av finanskomiteen og valkomiteen.

Han var varaordførar i heimkommunen frå 2003 til han vart stortingsrepresentant. Han sat også i kommunestyret 1999-03, og han er styremedlem i Hedmark Arbeidarparti.

Breen er utdanna tømrar og er i det sivile livet industriarbeidar.

Bakgrunnsstoff Stortinget - Biografi jus.no: Intervju med Breen i Advokatbladet

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Folk frå Folldal