Metronome Spartacus var eit norsk TV-produksjonsselskap som produserte dramaserien Hotel Cæsar for TV 2.
Selskapet blei skipa i 1998 av Metronome Film & Television, som då hadde Schibsted og det nederlandske Endemol som eigarar. Same året fekk det ei femårskontrakt om produksjon av Hotel Cæsar med i alt 900 episodar. Kontraktsverdien var cirka 350 millionar kroner, noko som gjorde Metronome til eit av dei største produksjonsselskapa i Noreg.Gunn Sara Enli, Trine Syvertsen og Susanne Østby Sæther (red.): Et hjem for oss – et hjem for deg? Analyser av TV 2 1992–2002, IJ-forlaget 2002, side 236.
Selskapet heldt til i Sandakerveien 24C på Myrens Verksted i Oslo. Det var også her at det meste av serien blei spelt inn. Det blei sletta i Einingsregisteret i 2017.
Kjelder
Kategori:Norske medieføretak Kategori:Skipingar i 1998