Nihat Kahveci () er ein tyrkisk fotballspelar. Han spelar for Beşiktaş i den tyrkiske fotballigaen og for det tyrkiske landslaget.
Kahveci spelte i spansk fotball i sju år, frå 2002 til 2009, for Real Sociedad og Villarreal. Han debuterte for Tyrkia sitt A-landslag i oktober 2000 i ein kamp mot Sverige. Han var med i troppen til fotball-VM i 2002, der han fekk spela som innbytar i to kampar. Under kvalifiseringa til fotball-EM i 2008 skåra han eitt mål mot Noreg på Ullevaal. Han var òg med i Tyrkia sin tropp til fotball-EM i 2008, der han skåra to mål i gruppekampen mot Tsjekkia.
Kategori:Tyrkiske fotballspelarar Kategori:Real Sociedad-spelarar Kategori:Villarreal-spelarar Kategori:Besiktas-spelarar