Rødven kyrkje ligg nede ved sjøen i bygda Rødven i Rauma kommune.

Kyrkja vart bygd i 1907 samstundes med dei to søsterkyrkjene, Veøy kyrkje på Sølsnes i Molde kommune og Holm kyrkje på Holm i Rauma kommune. Desse to kyrkjene var eit forbilde. Og dåtidas kyrkjebygg skulle gjerne ha dragehovud, men det fekk ikkje Rødven kyrkje. Eksteriøret vart forsøkt halde i stil med Rødven stavkyrkje som står like ved. Dei to kyrkjene er likevel ikkje særleg like: Stavkyrkja er ikkje måla og ho er brun av tjøre, medan kapellet er måla i raudt og kvitt. Kapellet er oppført i lafta tømmer (ikkje stavteknikk).

Ein gong i 1980-åra fekk kyrkja nytt orgel.

Kjelde Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210

Bakgrunnsstoff Om Rødven kyrkje på kyrkjesok.no

Kategori:Kyrkjer i Rauma Kategori:Kulturminne i Rauma Kategori:Kyrkjer i Indre Romsdal prosti Kategori:Basilikaer i Noreg Kategori:Norske kyrkjer frå 1907