Gunvor Eldegard () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho representerte Akershus fylke på Stortinget frå 2005 til 2017. Eldegard var ordførar i Ski kommune frå 2003 til ho vart vald inn på Stortinget i 2005. Eldegard sat i formannskapet i kommunen frå 1999 til 2003.
Ho er utdanna elektrikar frå 1981, og ingeniør frå Kongsberg ingeniørhøgskole 1983–1985. Ho har arbeidd i Kværner, og frå 1995 som dagleg leiar og ansvarleg leiar i ERC A/S. Ho var leiar i organisasjonen Kvinner i mannsyrker frå 1991 til 1993, og var landsstyremedlem i KS mens ho var ordførar.
Stortingskomitear 2005–2009 1. nestleiar i Næringskomiteen 2009–2013 medlem av Finanskomiteen 2009–2013 medlem av Valkomiteen
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Akershus Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Ordførarar i Ski Kategori:Ap-ordførarar i Akershus Kategori:Folk frå Årdal Kategori:Folk frå Ski