Matej Mavrič () er ein slovensk fotballspelar som spelar i forsvar for Kapfenberger SV i den austerrikske toppdivisjonen, og for det slovenske landslaget.
Mavrič vart seriemeister i Slovenia i 2004 med Gorica. Han forlét Slovenia same året og gjekk til Molde i den norske Tippeligaen. Han var i Molde fram til 2007 og vart cupmeister i Noreg i 2005. I 2007 gjekk han til Koblenz i tysk 2. Bundesliga. Då Koblenz rykte ned i 2010, gjekk Mavrič til Kapfenberg i Austerrike.
Mavrič debuterte for Slovenia sitt A-landslag 21. august 2002 som innbytar i ein privatlandskamp mot Italia. Han var med i Slovenia sin tropp til fotball-VM i 2010, men utan å spela nokon av kampane.
Kategori:Slovenske fotballspelarar Kategori:Molde-spelarar