Per Martin Ludvig Bolstad () var ein norsk musikar og komponist. Han er særleg kjend som opphavsmann til gammaldans-melodiar. Med små avbrot budde han i Ålesund heile livet. Han var sterkt knytt til Indre Nordfjord, der faren Per Mathiasson Bolstad kom ifrå.
Liv og gjerning Per Bolstad lærde tidleg å spele fele. 15 år gamal hadde han sitt eige orkester. Repertoaret var klassisk musikk og norske slåttar. Bolstad arbeidde ei tid som kontorist, men vart meir og meir synshemma og slutta i yrket.
Frå 1910 dreiv han som musikar og komponist. Orkesteret hans gav konsertar over heile Noreg, i tillegg til Sverige og Finland. Mellom dei nesten 600 melodiane han komponerte finn ein kjende slåttar som Det glade Ålesund, Glade Johan og Fagre Stryn. Han komponerte musikkstykke til han var 90 år gamal.
Bolstad miste tidleg synet, og frå 1927 var han heilt blind. Han starta tidleg å spele i radio. I NRK var Per Bolstads radioorkester mykje brukt.
Familie Ein av sønene til Per Bolstad heitte òg Per. Han vart då kalla «Unge Per», og var profesjonell fiolinist. Han fekk svært gode kritikkar både i inn- og utland, men døydde i 1931, berre 32 år gamal. Også den andre sonen, Einar, var ein habil musikar, trekkspelar og komponist. Han levde mest heile livet sitt i Bergen og døydde i 1986.
Kjelder Asbjørn Gjærde: «Det glade Ålesund» og «Fagre Stryn» i 100 år 100 navn. Personer som har preget Nordvestlandet. Sunnmørsposten Forlag 2000
Kategori:Norske komponistar Kategori:Folk frå Ålesund