Indre Østfold er eit distrikt som ligg i den nordre delen av Østfold fylke. Distriktet vart formelt oppretta gjennom vedtak i fylkestinget i 2007. Dei to byane i området er Askim og Mysen.

Distriktet hadde til saman 57 094 innbyggjarar den 1. juli 2009.ssb.no: befolkningsendringer og eit areal på 2 243 kvadratkilometer. Det omfatta då dei ti kommunane Aremark, Askim, Eidsberg, Hobøl, Marker, Rakkestad, Rømskog, Skiptvet, Spydeberg og Trøgstad. Etter kommune- og regionreforma i 2020 omfatta det kommunane Aremark, Marker, Indre Østfold, Skiptvet og Rakkestad.

Administrative inndelingar Kommunane deltek i Indre Østfold Regionråd Distriktet utgjer næringsregionen Indre Østfold (NHO). Aremark, Marker, Trøgstad, Askim, Eidsberg, Rakkestad og Rømskog høyrer til Østre Borgesyssel prosti under Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Spydeberg, Skiptvet og Hobøl høyrer til Vestre Borgesyssel prosti (også under Borg). Distriktet høyrer til domsmyndeområdet til Heggen og Frøland tingrett, utanom Aremark og Rakkestad som ligg under høvesvis Halden tingrett og Sarpsborg tingrett, alle under Borgarting lagmannsrett.

Kjelder

Kategori:Østfold fylke