Eduardo Alves da Silva, ofte kjent berre som Eduardo () er ein brasiliansk-kroatisk fotballspelar, som spelar for Sjakhtar Donetsk i den ukrainske fotballigaen og for det kroatiske fotballandslaget. Eduardo voks opp i Rio de Janeiro, der han vart oppdaga av speidarar frå Dinamo Zagreb i 1999, og fekk kontrakt med klubben. Han fekk kroatisk statsborgarskap i 2002.
Eduardo vart seriemeister i Kroatia med Dinamo Zagreb i 2006 og 2007. I 2004 og 2006 vart han kåra til årets kroatiske spelar og i 2007 vart han toppskårar i den kroatiske toppdivisjonen. Same året vart han kjøpt av Premier League-klubben Arsenal i England for om lag 7,5 millionar pund. Etter tre sesongar i Arsenal vart han i juli 2010 kjøpt av den ukrainske toppklubben Sjakhtar Donetsk for om lag 6 millionar pund.
Eduardo debuterte for Kroatia sitt A-landslag 16. november 2004 som innbytar i ein privatlandskamp mot Irland. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Hongkong 1. februar 2006. Han vart ikkje teken ut i Kroatia sin tropp til fotball-VM i 2006. Under fotball-EM i 2008 var han skada etter eit stygt beinbrot, og kunne difor ikkje vera med i Kroatia sin tropp.
Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Kroatiske fotballspelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Sjakhtar Donetsk-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014