Breimyra ungdomsskole er ein ungdomsskule på Flaktveit i Åsane i Bergen. Skulen har plass til om lag 300 elevar fordelt på 10 klassar i tre trinn (8.-10. klasse). Skulebygget er i privat eige og vert leigd av Bergen kommune. Elevane kjem frå barneskulane Flaktveit skole og Li skole.
Rektor ved skulen er Charlotte Corneliussen.
Nærmiljø Breimyra ungdomsskole ligg i Åsane. Skulen ligg på toppen av Flaktveit nært Flaktveit stadion. Breimyra ligg 110 meter over havet.
Klassar Skuleåret 2011-2012 er det ti klassar på Breimyra. Det er tre parallellar på 8. og 9. trinn, og fire klassar på 10. trinn.
Tilsette Til saman er det 27 årsverk ved skulen, fordelt på 32 tilsette.
Byggeigar Breimyra skole vart bygd av Sognnes Bygg AS, og blir leigd ut frå Sognnes Eiendom til Bergen kommune. Kommunen betalar ein fast pris kvar månad til Sognnes Gruppen.
Kategori:Ungdomsskular i Bergen Kategori:Skular i Åsane