mini|Nygårdsbroen under arbeida i samband med Bybanen. Nye Nygårdsbro til høgre, Gamle Nygårdsbro kan ein skimte i midten og Nye Nygårdsbro II er under bygging til venstre. Nygårdsbroen er namnet på fleire bruer over Strømmen i Puddefjorden i Bergen, frå Nygårdstangen til Danmarksplass. Den eldste brua der stod ferdig i 1851, og knytte saman Bergen og Årstad. Brua hadde til å byrje med bomavgift både for køyrande og gåande. Bruene utgjer i dag hovudtraseen sørover frå Bergen sentrum. Strømmen er i dag sett som skiljet mellom Store Lungegårdsvannet og resten av Puddefjorden.

Bruanlegget har vorte forandra ei rekkje gonger, og ei heilt ny bru, «Nye Nygårdsbro» stod ferdig i 1978. Denne var mykje lengre enn den gamle, og går høgare opp og i ein litt annan vinkel. Dermed vart det to bruer, Gamle og Nye Nygårdsbro. I samband med bygginga av Bybanen i Bergen vart det bygd ei tredje bru, «Nye Nygårdsbro II», som opna i november 2008. Bybanen går over den eldste brua, og har eit stopp (Florida) like nord for bruene.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nygårdsbroen» frå , den 25. september 2010.

Bakgrunnsstoff Nygårdsstrømmen i Bergen

Kategori:Bruer i Bergen Kategori:Bergenhus Kategori:Bruer opna i 1851 Kategori:1851 i Noreg Kategori:Vegbruer i Vestland