Charles Joseph John Hart () er ein engelsk fotballspelar som har vore keeper for Manchester City i engelsk Premier League. Han har òg landskampar for England.

Hart begynte karrieren sin i dei lågare divisjonane, hjå Shrewsbury Town. Han var den faste keeperen deira i 2005/06-sesongen i League Two, fjerde høgste nivå. I 2006 gjekk han til Manchester City, og fekk éin kamp for klubben den sesongen, men vart i periodar lånt ut til Tranmere Rovers og Blackpool i League One (tredje nivå). I 2007/08- og 2008/09-sesongen var han den mest brukte keeperen til Manchester City, men i 2009/10-sesongen vart han lånt ut heile sesongen til Birmingham City, der han var førstekeeper, og vart kåra til årets Birmingham-spelar. På starten av 2010/11-sesongen var han tilbake som førsteval i mål hjå Manchester City. Han vart seriemeister med City i 2012 og 2014.

Landslagsspel Hart debuterte for England sitt A-landslag 1. juni 2008, som innbytar i pausen i ein privatlandskamp mot Trinidad og Tobago. Han var med i England sin tropp til fotball-VM i 2010, men var der den av dei tre keeperane som ikkje fekk spela nokon kampar. Han spelte sin første landskamp i ei turnering 3. september 2010, ein EM-kvalifiseringskamp heime mot Bulgaria. Hart vakta Englands mål i fire EM-kapar i 2012 og like mange i EM 2016. Under VM i fotball 2014 var han målvakt i to av Englands kampar. Fram til november 2017 spelte Hart 75 landskampar, var lagkaptein i to av dei.

Bakgrunnsstoff

eu-football

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Shrewsbury-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Tranmere-spelarar Kategori:Blackpool-spelarar Kategori:Birmingham-spelarar Kategori:Målvakter i fotball Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016