Bondeungdomslaget i Oslo (BUL i Oslo) er eit lokallag av Noregs Ungdomslag (NU) og Noregs Mållag, skipa 15. oktober 1899. Laget har til føremål å «samla norsklyndt bondeungdom til samvære og samarbeid på heimleg grunn og gjeva landsungdom i hovudstaden vern og hjelp. Laget vil auka vyrdnaden for bonden og bondeyrket og arbeida for atterreising av det norske folkemålet, for edruskap og for nasjonalt sjølvstende i alle leider».

Laget vart stifta i ei tid då svært mykje ungdom frå bygdene (bondeungdom) flytta inn til hovudstaden for å skaffe seg arbeid. Berre frå 1890 til 1900 flytte det 75.000 menneske til Kristiania-området. Den sterke industrialiseringa på denne tida førte til ei stor sosial omvelting. Det var vanskelege levekår, både sosialt og kulturelt. Mange følte seg bortkomne, heimlause og møtte manglande respekt både for måten dei snakka på og tradisjonar dei tok med seg. Samstundes var landet midt oppe i den politiske striden om unionen med Sverige. Det var klassekamp mellom bondestanden og radikale byborgarar på den eine sida og embetsmannsklassen på den andre. Det var også ein sterk vekst i organisasjonslivet, og både mållag og ungdomslag voks fram over heile landet.

Bondeungdomslaget i Oslo vart altså skipa som ein del av ei politisk rørsle, men òg for å skape ein sosial og trygg samlingsplass for innflyttarar.

I dag har laget fire særlag: Idrottslaget, Leikarringen, Songlaget og Teaterlaget (tidlegare Spellaget). Særlaga har eigne årsmøte, men er underlagde årsmøtet i BUL i Oslo. I tillegg vel årsmøtet medlemer til bunadnemnda, målnemnda og kvart sitt styre for dei to hyttene i Nordmarka, Røkleivhytta i Sørkedalen og Bondehytta i Nittedal.

Laget eig 100 % av selskapet Bøndenes Hus AS, som eig bygarden Rosenkrantz' gate 8 og forretningane Heimen Husflid, Den Norske Husfliden, Hotell Bondeheimen og Kaffistova (kafeteria). Forretningsdrifta gjev mykje av det økonomiske grunnlaget for laget. Laget var tidlegare involvert i mykje anna forretningsdrift, mellom anna Oslo Nye Sparebank, fleire kaffistover, utleige av hyblar til landsungdom, avisa Den 17de Mai, avisa Gula Tidend, kiosk, tobakksutsal, forlagsdrift, plateselskap og bokhandel.«Og byen er vår bror» Bondeungdomslaget i Oslo 1899-1989, Oslo: Samlaget

Bondeungdomslaget i Oslo er største aksjonær i Det Norske Teatret med 11 % av aksjane.

Styreleiarar

Fram til 1960 hadde ein halvårsmøter med valg. 1899–1916: Klaus Sletten (ikkje heilt samanhengande) 1904–1905 (Vinter): Severin Eskeland 1907 (Sommar): Johan Taraldset 1915–1916 (Vinter): Bjarne Foss 1916–1917: Thoralf Foss 1917–1918: Arne Falk 1918–1920: Sigvat Heggstad 1920–1923: Nils Sletbak 1923 (Sommar): Gudmund Hovda 1923–1927: Torstein Christensen 1927–1930: Aslak Lidtveit 1930–1932: Knut Robberstad 1932–1933: Knut Knutsson Fiane 1933–1938: Erling Bjørke 1938–1939 (Vinter): Øyvind Dybvad 1939 (Sommar): Erling Dahl 1939–1941: Sigmund Moren 1941–1942: Magnus Børnes 1942–1945: Ingen aktivitet 1945–1946 Magnus Børnes 1946 (Sommar): Sigmund Moren 1946–1949: Rolf Nesje 1949–1950 (Vinter): Øyvind Dybvad 1950–1953: Bøye Skeie 1953–1954: Toralf Hernes 1954–1956: Hans Sørbø 1956–1959: Johan Krogsæter 1959–1960: Hans Sørbø 1960–1964: Arne Haukvik 1964–1966: Haakon Edv. Rundhovde 1966–1967: Rolf Nesje 1967–1968: Gudmund Hatlebakk 1968–1971: Torgeir Høverstad 1971–1974: Erling Ødegård 1974–1976: Håkon Lien 1976–1981: Torleif H. Kaasalia 1981–1984: Edvard Lauen 1984–1986: Svein Linge 1986 (interim): Edwin Hauge 1986–1989: Turid Varen 1989–1992: Atle Faye 1992–1993: Kari Bjørke 1993–1994: Gunnar Rogneflåten 1994–1997: Sølvi Egner-Kaupang 1997–2000: Olav Kårevik 2000–2002: Vidar Lund 2002–2005: Arne Nordvi 2005–2007: Terje Svindseth 2007–2010: Wenche Blomberg 2010–2011: Arne Nordvi 2011–2014: Sveinung Helgheim 2014–2024: Terje Svindseth 2024-d.d.: Astrid Marie Grov

Kjelder

Bakgrunnsstoff Bondeungdomslaget i Oslo si eiga heimeside

Kategori:Norske ungdomslag Kategori:Noregs Mållag Kategori:Organisasjonar i Oslo Kategori:Skipingar i 1899 Kategori:Noregs Ungdomslag