Heggurtunnelen er ein tunnel på fylkesveg 5928 i Norddal kommune i Møre og Romsdal fylke. Tunnelen er ein del av vegsambandet til Tafjord, og går under eit svært bratt fjellparti på nordaustsida av Tafjorden. Gjennomslaget i den 5277 meter lange tunnelen var 30.oktober 1981, og den vart offisielt opna i 1982.Storfjordnytt 26.november 1999.
Heggurtunnelen var den lengste tunnelen i Møre og Romsdal då han vart opna og var den lengste tunnelen på ein fylkesveg i Noreg til reforma i 2010 då ei rad riksvegar vart overført frå staten til fylka. Den var òg ein av dei neste lengste vegtunnelane i Noreg berre slått av den samanbygde Haukelitunnelen og av Høyangertunnelen som opna same år.
Fjellet over Heggurtunnelen raste ut i 1934, og førte til ei flodbølgje som tok 40 menneskeliv. (Sjå Tafjord-ulukka).
Sjå òg Vegtunnelar i Noreg Undersjøiske vegtunnelar i Noreg
Kjelder
The World's Longest Tunnel Page
Kategori:Tunnelar i Møre og Romsdal Kategori:Vegar i Fjord Kategori:Tunnelar opna i 1982