Nikkevintergrøn er ein plante i vintergrønfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 10 cm høg og har gulgrøne sagtagga blad som sit litt oppetter stengelen. Alle blomstrane vender til ei side. Dei har lang grann grøn grifftel. Nikkevintergrøn blømer kring juli månad på lyngmark og moserike stader i skogen.

Planten er nokså vanleg gjennom heile Noreg. Han er funnen opp til 1370 m ved Finse.

Kjelder Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Denne artikkelen bygger på «Björkpyrola» frå , den 3. oktober 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Viltveksande plantar i Noreg Kategori:Vintergrønfamilien