mini|Buttsnutefrosk (Rana temporaria) med froskeegg. mini|Frosk som sym Froskar er slanke, vasslevande amfibium i ordenen halelause padder (Anura).
Omgrep
Omgrepet er ikkje ei taksonomisk gruppe, men er ei polyfyletisk gruppe der padder ikkje er tekne med. Denne inndelinga gjev ei viss meining i europeisk samanheng, der ho omtrent samsvarer med familiane ekte froskar Ranidae og padder (Bufonidae). Utanfor Europa finst det derimot halelause padder som ikkje fell naturleg inn i denne grupperinga.
Den arten ein gjerne meiner når ein snakkar om «frosk» på norsk er buttsnutefrosk (Rana temporaria). I Noreg finst det elles fire andre artar ein kallar froskar. Rana er ei biologisk slekt med ein del typiske froskar, medan familien ho høyrer til, Ranidae, blir kalla ekte froskar.
I Noreg er det registrert fire froskeartar: Buttsnutefrosk Rana temporaria Spissnutefrosk, Rana arvalis Damfrosk, Rana lesseonae Latterfrosk, Rana ridibunda
Ordsoge
«Frosk» kjem av norrønt froskr og har samanheng med ordet «frode» (bokmål «fråde»). Ordet er i slekt med engelsk frog og tysk Frosch og kjem frå urgermansk *fruska-z med den urindoeuropeiske rota *preu- ('å hoppe, springe').
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Frosker» frå , den 6. oktober 2010. Mylapp eller hopparlappe? ved Nynorsksenteret
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Ekte froskar