Ludvig Larsen Kragtorp () var ein lege og Venstre-politikar.

Faren Hans Larsen var lærar og kyrkjesongar i Rødenes. Kragtorp sjølv gjekk Asker seminar 1880-81 og vart student i 1884. Han var lærar ved Smaalenenes amtsskole 1885-86. Deretter studerte han medisin og vart cand. med. i 1892. Sidan var han privatlege i Høland i 1893, kommunelege i Spydeberg 1893-1912, samt direktør i Abnormskolevæsenet 1913-28.

Kragtorp var ordførar i Spydeberg 1904-07, og formann i skulestyret 1899-1903. Han var innvald på Stortinget frå Eidsberg krins i Østfold frå 1906 til 1915. Åra 1906-12 var han medlem av og 1913-15 sekretær i militærkomiteen. Han var medlem av departementskomitear om høvesvis medisinaltakstane og i 1913 om sinnssjukeasyla.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske legar Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Spydeberg Kategori:Folk frå Marker Kategori:Venstreordførarar i Østfold