Norvagisering vil seie å gje importerte lånord ei skriveform etter mønster frå norsk språk, som «teip» for «tape»«Teip» i Nynorskordboka og «pønk» for «punk»«Pønk» i Nynorskordboka.
Heilt tilbake til 1800-talet har det vore arbeidd aktivt for å norvagisere ulike lånord. På tidleg 1900-tal var det først og fremst lånord frå romanske språk som braut med norsk skriftmønster og som det var tenleg å norvagisere. Følgjande retningsliner vart følgde:
u → y (bureau → byrå) qu → qv (qualificere → kvalifisere) eau → å (bureau → byrå) stum e forsvinn (ceremonie → seremoni) eu → ø eller øy (chauffeur → sjåfør, neutral → nøytral) ph → f (philosoph → filosof) nasal n → ng (terrain → terreng) ge, ch og j → sj (sergeant → sersjant, chauffeur → sjåfør, jaloux → sjalu)) c, q, x og z → s og/eller k etter uttalen (citron → sitron)
Eit alternativ til norvagisering kan vere tilnærma bokstavrett uttale av lånordet, som når engelsk «jungle» vert uttalt «jungel». Den norvagiserte skriveforma «djungel», som vart forsøkt introdusert i mellomkrigstida, har derfor ikkje fått gjennomslag i norsk. Eit døme på ein kombinasjon av norvagisering og avløysarord er det norske «girkasse», frå engelsk gear box.«Gir» i Nynorskordboka
I dag er nordmenn flest så fortruleg med engelsk språk at dei reagerer negativt på norvagisering av engelske ord. Framlegg om norvagisering av ord som «guide» til «gaid»«Guide» i Nynorskordboka og «service» til «sørvis»«Service» i Nynorskordboka har derfor fått lite gjennomslag. Derimot dominerer skriveforma «streit» over den engelske forma straight.«Streit» i Nynorskordboka.
Sjå òg Avløysarord
Kjelder Aftenposten 15.10.2010
Kategori:Norsk språk