mini|St. Olaf College er framleis ein viktig kulturinstitusjon i norsk-amerikanske samanhenger. Bildet syner kronprins Håkon som taler til studentane der i oktober 2005.
St. Olaf College er ein norsk-amerikansk høgskule (liberal arts college) i Northfield i Minnesota. Den private høgskulen tilbyr studentar av begge kjønn, som bur ved skulen, ei grunnleggjande universitetsutdanning over fire år i «dei frie kunstane».
St. Olaf College vart grunnlagt i 1874 av norsk-amerikanarar leidde av pastor Bernt Julius Muus og kalla opp etter Heilag-Olav. Frå 1899 tok Evangelical Lutheran Church in America (ELCA) over eigarskapen og drifta av skulen.
St. Olaf College hadde 3 041 studentar og 324 vitskapleg tilsette i 2006, og skolepengane dette året var US$ 30 600.
Tidlegare elevar ved skulen er mellom anna forfattarane Ole Edvart Rølvaag (Rolvaag), Robert Bly og Siri Hustvedt og politikaren Al Quie.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «» frå , den 26. oktober 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norsk-amerikansk kultur Kategori:Skipingar i 1874 Kategori:Heilag-Olav Kategori:Universitet i Minnesota