Niklas Moisander () er ein finsk fotballspelar som har spela for Werder Bremen i tysk bundesliga, og tidligere for det finske fotballandslaget.

Moisander drog til Nederland og Ajax som 18-åring, men kom aldri med på førstelaget der, og gjekk til slutt til Zwolle i nest høgste divisjon i Nederland. Etter å ha lukkast bra der, gjekk han til toppklubben AZ sommaren 2008. Han vart seriemeister i Nederland med AZ i 2009.

29. mai 2008 debuterte han for Finland sitt A-landslag i ein privatlandskamp mot Tyrkia, og 10. oktober 2009 skåra han det første landslagsmålet sitt i ein VM-kvalifiseringskamp mot Wales.

Tvillingbroren hans, Henrik Moisander, har òg fotballandskampar for Finland.

Kategori:Finske fotballspelarar Kategori:Finlandssvenskar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Zwolle-spelarar Kategori:AZ-spelarar