Steve von Bergen () er ein sveitsisk fotballspelar som har spela i forsvar for Cesena i italiensk Serie A, og for det sveitsiske landslaget.
Von Bergen vart seriemeister i Sveits med Zürich i 2006 og 2007. Han forlet Sveits til fordel for Hertha Berlin i tysk Bundesliga i 2007, og spelte der fram til sommaren 2010. Då kontrakten hans då gjekk ut, gjekk han til den nyopprykte klubben Cesena i Serie A.
Von Bergen debuterte for Sveits sitt A-landslag 6. september 2006 i ein privatlandskamp mot Costa Rica. Han låg godt an til å bli tatt ut i troppen til fotball-EM i 2008, men vart til slutt utelukka då han braut handa. Han var med i troppen til fotball-VM i 2010, der han spelte i alle dei tre kampane til Sveits.
Kategori:Sveitsiske fotballspelarar Kategori:Neuchâtel Xamax-spelarar Kategori:Zürich-spelarar Kategori:Hertha Berlin-spelarar Kategori:Cesena-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014