«I've Been Waiting for You» er ein song skriven av Neil Young for debutalbumet hans i 1968. David Bowie spelte inn ei utgåve av songen med Dave Grohl på gitar, for Heathen i 2002. Han gav seinare songen ut på singel i Canada. Songen er òg spelt av Pixies og gjevne ut som B-side til singelen deira «Velouria».
Konsertutgåver Neil Young spelte songen akustisk i november 1968 at Canterbury House i Ann Arbor, berre nokre dagar før albumet kom ut. Denne framføringa finst på konsertalbumet Sugar Mountain - Live At Canterbury House 1968, released in 2008.
David Bowie-versjonen
David Bowie spelte inn ein versjon av songen, med Dave Grohl på gitar, for Heathen (2002). Han vart gjeven ut på singel i Canada og nådde 11. plassen på singellista der.
Songen vart framført under Tin Machine-turneen, sungen av Reeves Gabrels. Ein versjon kom ut på videoen Oy Vey, Baby. Han vart spelt igjen på Heathen-turneen og Reality-turneen. Ein lengre versjon (3:16 versus 3:00) kom ut eksklusivt på Heathen SACD.
Innhald CD: ISO-Columbia / 38K 003369 (Canada) «I've Been Waiting for You (albumversjonen)» – 3:00 «Sunday (Tony Visconti mix)» – 4:56 «Shadow Man» – 4:46
Produksjon og medkverkande Produsentar: David Bowie Tony Visconti Musikarar: David Bowie: vokal, klaverinstrument, synth, gitar, saksofon, stylophone, trommer Dave Grohl: gitar Tony Visconti: bassgitar, gitar, blokkfløyte, B-vox, strykearrangement Matt Chamberlain: trommer, loop programmering, perkusjon David Torn: gitar, gitarsløyfer, omnichord Jordan Rudess: piano og Hammondorgel. Gail Ann Dorsey: bass på «Shadow Man» Earl Slick: ambient gitar på «Shadow Man» Mark Plati: akustisk gitar på «Shadow Man» Lisa Germano: fiolin på «Shadow Man»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I've Been Waiting for You (Neil Young song)» frå , den 23. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Neil Young-songar Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Songar frå 2002 Kategori:Singlar frå 2002 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av Neil Young Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar produserte av David Briggs Kategori:Songar produserte av Neil Young