«Guinnevere» er ein visesong skriven av David Crosby i 1969. Songen vart spelt inn av Crosby, Stills & Nash og gjeven ut på Crosby, Stills & Nash. Songen er kjend for den uforstyrra, men likevel kvasse melodien og den unike teksten som samanliknar dronning Guinevere med kvinna songaren likar. I følgje eit intervju Crosby gjorde med Rolling Stone: «Det er ein veldig uvanleg song, det vert nytta ei uvanleg stemming med rare taktartar. Det er om tre kvinner eg elska. Den eine var Christine Hinton, jenta som vart drepen som var kjærasten min, og den andre var Joni Mitchell og den siste var ei eg ikkje kan sei kven er. Det er kanskje den beste songen min». Songen handlar òg om kor viktig det er med fridom.
Andre utgåver Miles Davis spelte songen i 1970. Songen kom ut på Circle in the Round i 1979. Han finst òg på The Complete Bitches Brew Sessions.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Guinnevere» frå , den 24. oktober 2010.
Kategori:Crosby, Stills, Nash & Young-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Songar skrivne av David Crosby Kategori:Herbie Mann-songar Kategori:Miles Davis-songar