4 Way Street er det tredje albumet til Crosby, Stills & Nash, og det andre som Crosby, Stills, Nash & Young, samt det første konsertalbumet deira. Det vart opphavleg gjeve ut i 1971, selde til gullplate og nådde toppen av albumlista i USA. Innspelingane vart gjort på turneen deira året før i The Fillmore East i New York, 2. til 7. juni 1970, The Chicago Auditorium i Chicago, 5. juli 1970 og The Forum i Los Angeles, 26. til 28. juni 1970.
Historie Albumet inneheld songar som tidlegare var gjeven ut på studioalbum, både av bandet og av dei fire individuelle medlemmane. To songar kvar av Nash og Crosby var ikkje enno gjeven ut offisielt då albumet kom: «Chicago», som like etter kom ut på Nash sitt Songs for Beginners og «Right Between the Eyes», «The Lee Shore» og den kontroversielle «Triad» av Crosby. Sistnemnte var spelt inn av Jefferson Airplane på deira Crown of Creation i 1968 og av The Byrds, men The Byrds si utgåve kom først ut som bonusspor på The Notorious Byrd Brothers i 1997.
Då dette albumet vart spelt inn var det stor splid i gruppa, og kranglinga i garderobane vart materiale for rockelegendene, og vart til og med omtalt av Frank Zappa og the Mothers of Invention på plata deira Fillmore East - June 1971. Kranglinga førte til at bandet vart oppløyst kort tid etter turneen (og mange månader før albumet kom ut). Det neste albumet til CSN (utan Young) kom først ut i 1977, CSN.
4 Way Street kom ut på CD i 1992. Den utvida utgåva inneheld fire solosongar av kvart medlem. Young spelte ein trio av songar frå dei to første soloalbuma sine, som ein medley, Stills hadde med «Black Queen» frå det sjølvoppkalla debutalbumet, Crosby spelte «Laughing» frå hans debutalbum og Nash gjorde «King Midas in Reverse», ein singel av The Hollies frå 1967.
Fleire songar frå turneen kom ut på Young sitt The Archives Vol. 1 1963–1972, som kom i 2009.
Innhald
Medverkande David Crosby – vokal, gitar Stephen Stills – vokal, gitar, piano, orgel Graham Nash – vokal, gitar, piano, orgel Neil Young – vokal, gitar Calvin «Fuzzy» Samuels – bass Johnny Barbata – trommer
Produksjon Crosby, Stills, Nash & Young – produsentar Bill Halverson – lydteknikar Gary Burden – kunstnarisk leiar/design, fotografi Joel Bernstein – fotografi Henry Diltz – fotografi Joe Gastwirt – digital remastering
Salslister Album ÅrListePlassering1971Billboard Pop Albums11971Cash Box Album Charts21971Record World Album Charts1
Salstrofé OrganisasjonNivåDatoRIAA – USAGull12. april 1971RIAA – USAPlatina18. desember 1992RIAA – USA4× Platina18. desember 1992
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «4 Way Street» frå , den 27. oktober 2010. oppgav desse kjeldene: Zimmer, Dave og Diltz, Henry. Crosby Stills & Nash: The Authorized Biography (First edition), St. Martin’s Press, 1984. ISBN 0-312-17660-0
Kategori:Crosby, Stills, Nash & Young-album Kategori:Konsertalbum frå 1971 Kategori:Konsertalbum frå Fillmore East Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Album produserte av David Crosby Kategori:Album produserte av Graham Nash Kategori:Album produserte av Stephen Stills Kategori:Album produserte av Neil Young