Frank «Poncho» Sampedro () er ein amerikansk gitarist og medlem av rockebandet Crazy Horse, som hovudsakleg er kjend for det lange samarbeidet med Neil Young.

Han var fødd i Vest-Virginia og voks opp i Detroit, Sampedro flytta til California så snart han var gammal nok til å køyre bil. Han spelte nokre år med forskjellige band før han vart medlem av Crazy Horse i 1975 for å spele inn Zuma. Han vart introdusert til bandet av Billy Talbot i november 1974, nøyaktig to år etter at den tidlegare gitaristen i Crazy Horse, Danny Whitten, hadde døydd av overdose.

Med Sampedro i bandet, utvikla Crazy Horse ein ny, meir stiv stil (i motsetnad til den lausare stilen til Whitten), noko som gjorde at Neil Young kunne utvikle seg som sologitarist.

I nyare tid har han arbeidd i The Tonight Show with Jay Leno med bandleiaren Kevin Eubanks.

Diskografi Som medlem av Crazy Horse: Crazy Moon (1978) Gone Dead Train: The Best of Crazy Horse 1971-1989 (2005) Scratchy: The Complete Reprise Recordings (2005)

Som medlem av Neil Young & Crazy Horse: Zuma (1975) Rust Never Sleeps (1979) Live Rust (konsert, 1979) Re•ac•tor (1981) Life (1987) Ragged Glory (1990) Arc/Weld (konsert, 1991) Sleeps With Angels (1994) Broken Arrow (1996) Year of the Horse (konsert, 1997)

Medverknad til andre Neil Young-album: American Stars 'N Bars (1977) Comes A Time (1977) Trans (1982) This Note's For You (1988) Freedom (1989) Are You Passionate? (2002) Chrome Dreams II (2007)

Andre artistar: Glimmer, det andre soloalbumet til Kevin Salem frå 1996 (gitar); Harlem, eit album av Shawn Amos frå 2000 (gitar).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Frank Sampedro» frå , den 27. oktober 2010.

Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Crazy Horse-medlemmer Kategori:Folk frå Vest-Virginia