«Rockin' in the Free World» er ein song av Neil Young frå albumet Freedom frå 1989.Buckley, 1206 To versjonar av same song vart gjeven ut på albumet, på liknande vis som songen «Hey Hey, My My (Into the Black)» på Rust Never Sleeps. Songen opnar med ei akustisk utgåve og avsluttar med ei elektrisk.

Bakgrunn Songen vart først framført på konsert den 21. februar 1989 i Seattle med bandet The Restless.

Boka Shakey av Jimmy McDonough hevdar at songen oppstod då Young var på turne seint i 1980-åra. Han og Frank «Poncho» Sampedro såg bilete i ei avis av liket til Ayatollah Khomeini som var bore til grava si og dei sørgjande som brende det amerikanske flagget i gatene. Sampedro sa, «Uansett kva vi gjer, så bør vi ikkje dra nær Midtausten. Det er truleg best at me berre held fram å rocke i den frie verda». Young spurte om Sampedro hadde tenkt å nytte dette som grunnlaget for ein song, og då Sampedro ikkje hadde slike planar, nytta Young ideen i staden for.McDonough, J. (2002). Shakey: Neil Young's Biography. New York, Random House. Dødsfallet til Khomeini skjedde derimot fleire månader etter den første konsertframføringa av songen.

Teksten kritiserer George H. W. Bush-adminsitrasjonenhttp://www.songfacts.com/detail.php?id=1269 og samfunnsproblema i USA, med ein direkte referanse til Bush i linja «thousand points of light», som Bush talte om i innsetjingstalen sin.

Ein forkorta versjon av songen vart nytta over rulleteksten i Michael Moore-filmen Fahrenheit 9/11. Uttrykket «That's one more kid that’ll never go to school / Never get to fall in love, never get to be cool» («Der er enda ein gut som aldri får gå på skulen, aldri får verte forelska, aldri får verte kul»), som opphavleg omhandla forlatne barn, vert i dag nytta som ein referanse til amerikanske soldatar drepne i Irak.

Songen er rangert på 214. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Andre utgåver Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Pearl Jam, Xavier Rudd, The Alarm, Local H, Queensrÿche, Maroon 5, Bon Jovi, Indigo Girls og K's Choice, Drivin N Cryin, Big Country, Joe Satriani, Steve Vai og Yngwie Malmsteen , Leningrad Cowboys, Hayseed Dixie, Pidżama Porno, Jeffrey Walker, The Almighty, Atomic Garden, Suzi Quatro, Simple Minds, Joe Perry Project og New Model Army.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rockin' in the Free World» frå , den 29. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekstanalyse av «Rockin' in the Free World»

Kategori:Songar frå 1989 Kategori:Protestsongar Kategori:Songar om USA Kategori:Neil Young-songar Kategori:Songar skrivne av Neil Young Kategori:Musikkvideoar regisserte av Julien Temple Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:Songar produserte av Neil Young Kategori:Songar produserte av Niko Bolas 216 Kategori:Simple Minds-songar Kategori:Suzi Quatro-songar