Airbus A380 er det største passasjerflyet i verda. Det har to etasjar, brei buk og fire jetmotorar, og blir laga av den europeiske flyprodusenten Airbus. Flyet vart sett i kommersiell drift i 2007. Flyet vart lansert under ein seremoni i Toulouse tysdag 18. januar 2005 og flaug fyrste gong 27. april 2005 kl. 10.30.

A380, som er utvikla av Airbus Industrie, vart bestilt av fleire flyselskap: Lufthansa, Emirates Airlines, Singapore Airlines, Air France, Qantas, Virgin Atlantic Airways, Korean Air, Qatar Airways og International Lease Finance Corporation. Samtidig med at dei fyrste prototypane av flyet var klare — i juli 2004 — bestilte Etihad Airways fire fly for levering i 2007.

Spesifikasjonar mini|Planteikning av Airbus A380-800.

Den nye modellen ville i utgangspunktet bli levert i to utgåver; A380-800 og A380-800F. A380-800 har plass til 555 passasjerar over tre klassar og ei rekkjevidd på 14 800 km, medan A380-800F er eit reint lastefly med 10 400 km rekkjevidd og plass til 150 tonn varer.

Airbus heldt fram med å lage cockpiten så lik dei tidlegare modellane som mogleg. På den måten kostar det mindre å læra opp pilotar, i tillegg til at flyginga blir tryggare når mannskapet berre må kjenne til eitt sett med prosedyrar for korleis flyet skal handterast.

mini|Airbus A380 tar av for jomfruturen sin.

Tekniske data Mannskap: 2 Dimensjonar Lengd: 73 m Høgd: 24,1 m Vingespenn: 79,8 m Vingeareal: 845 m² Masse Utan last: 280 tonn Maks. masse v/avgang: 560 tonn Kapasitet: 555–840 passasjerar, avhengig av antal klassar Motorar: 4 stk Rolls-Royce Trent 900 eller Engine Alliance GP7200 turbojetmotorar Hastigheit Cruise: Mach 0,85 (ca. 902 km/t) Maks: Mach 0,89 (ca. 945 km/t)

Materialbruk Skrog

Airbus A380 vil bruke laminatkompositten glare i dei øvre delane av skroget. I dei nedre vil plater av dei relativt nyutvikla aluminiumlegeringane AA6013 og AA6056 bli brukte. Desse platene vil vere sveisa med lasersveising eller Friction Stir Welding, i staden for tradisjonell nagling.

Haleror

I staden for aluminium, er det brukt komposittmaterial i haleroret. Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisell heimeside Aircraft-Info.net - Airbus A380 Airbus og WTO Airbus A-380 galleri Bilder av A380 frå Airliners.net

Kategori:Passasjerfly Kategori:Airbus