Atle Antonsen () er ein norsk komikar og skodespelar. Han er kjent for fleire humorprogram på TV, som medlem i bandet DDR, for Lompelandslaget og som frontfigur for Det Politiske Parti.
Av TV-programma Antonsen har medverka i kan nemnast Mandagsklubben på TV Norge og Team Antonsen og Uti vår hage på NRK. Han har også medverka i radioprogrammet Misjonen på P4 saman med Johan Golden. Frå 2006 har han også opptrådt med Team Eckbo, ein sceneproduksjon i samarbeid med Harald Eia, Bård Tufte Johansen og Espen Eckbo. Antonsen er dessutan kjent for plystringa si.
Antonsen har vunne Komiprisen tre gonger; i 2004 i klassen beste stand up-artist og i 2007 og 2008 i klassen beste mannlege artist i revy og komedie. Under Gullruten 2006 vart han kåra til beste mannlege skodespelar for Tre brødre som ikke er brødre. Han har bidrege til den norskdubba versjonen av enkelte animasjonsfilmar, og er i tillegg stemma til hovudpersonen i den norske animasjonsfilmen «Kurt blir grusom».
Frammøte TV 1998: Åpen post (gjest) 1998–1999: XLTV 1999: TvTv 2000: Mandagsklubben 2001: En L.U.N. aften med Golden og Antonsen (gjekk på Metropol TV) 2001: Nissene på låven 2003: Uti vår hage 2003: Komiprisen 2004: Team Antonsen 2004: Riksarkivet 2005: Tre brødre som ikke er brødre 2006: Etaten 2008: Uti vår hage 2 2010: Dags Univers 2010: Eurovision Song Contest 2010Film 2000: Get Ready to Be Boyzvoiced 2004: Svarte penger - hvite løgner 2004: De utrolige (stemme) 2005: Tommys inferno 2005: Pitbull-Terje 2007: The Simpsons Movie (stemme) 2008: Kurt blir grusom (stemme) 2010: Dag Anna 2004–2008: Kommisjonen, radioprogram på Kanal 24 2006– : Team Eckbo, sceneshow med Harald Eia, Bård Tufte Johansen og Espen Eckbo 2008– : Misjonen, radioprogram på P4
Sjå òg Team Antonsen Bandet DDR Kanal 24 Johan Golden
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Atle Antonsen» frå , den 3. november 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Programleiarar for TV Norge Kategori:Folk frå Lillehammer