Sounds of Silence er det andre studioalbumet til Simon and Garfunkel, gjeve ut 17. januar 1966. Albumtittelen er berre litt annleis enn den første store hitten deira, «The Sounds of Silence». Songen vart gjeven ut i ei akustisk utgåve på det førre albumet deira, Wednesday Morning, 3 A.M., og seinare på filmmusikkalbumet til filmen The Graduate. Utan at Simon og Garfunkel visste om det, la produsenten av den første, akustiske utgåva av songen på elektriske instrument og trommer med studiobandet til Bob Dylan den 15. juni 1965. Cf. pp.94–97.Charlesworth, Chris, The Complete Guide to the Music of Paul Simon and Simon & Garfunkel, Omnibus Press 1996. Cf. especially pp.17–18 on Sound of Silence. Denne versjonen vart gjeven ut på singel i september same året. Seinare vart denne nye utgåva gjeven ut på dette albumet.

«Homeward Bound» vart gjeven ut på albumet i Storbritannia, men ikkje i USA. Mange av songane på albumet vart skrivne av Paul Simon medan han var i London i 1965. Fleire av desse songane var òg gjevne ut på soloalbumet hans The Paul Simon Songbook, som kom ut i august 1965 i England. Desse songane er «I Am a Rock», «Leaves That Are Green», «April Come She Will», «A Most Peculiar Man» og «Kathy's Song».

«Richard Cory» var basert på eit dikt av Edwin Arlington Robinson, «Somewhere They Can't Find Me» var i røynda ei omskriving av «Wednesday Morning, 3 A.M.» frå det førre albumet, «We've Got a Groovy Thing Goin'» hadde kome ut som B-sida av «The Sound of Silence» eit par månader før og «Anji» var ein coverversjon av ein instrumental av gitaristen Davey Graham som Simon hadde møtt i England. Den einaste heilt nye Paul Simon-songen på albumet var derfor «Blessed».

Heile albumet vart gjeven ut i plateboksane Collected Works og The Columbia Studio Recordings (1964–1970). 22. mars 2013 vart det annonsert at albumet skulle bevarast av Library of Congress i National Recording Registry, som kalla det «kulturelt, historisk eller estetisk viktig».

Innhald

Produsert av Bob Johnston

Spor 12 produsert av Bob Johnston Spor 13–15 produsert av Paul Simon, Art Garfunkel & Roy Halee

Innhald på britisk versjon

Salslister Liste (1966) PlasseringUK Albums Chart13US Album Charts21 Liste (1970) PlasseringDen spanske albumlista 2

Medverkande Paul Simon – solovokal, gitar Art Garfunkel – solovokal Fred Carter Jr., Glen Campbell, John South – gitar Larry Knechtel – klaverinstrument Joe Osborn – bassgitar Hal Blaine – trommer Bob Johnston – produsent

Sounds of Silence vart spelt inn i april, juni og desember 1965 i CBS Studios i New York City og Los Angeles.

«The Sound of Silence» (elektriske instrument) Al Gorgoni, Vinnie Bell – gitar Joe Mack – bassgitar Bobby Gregg – trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sounds of Silence (album)» frå , den 4. november 2010.

Kategori:Simon & Garfunkel-album Kategori:Musikkalbum frå 1966 Kategori:Album produserte av Bob Johnston Kategori:United States National Recording Registry-innspelingar Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album produserte av Tom Wilson