Still Crazy After All These Years er det fjerde studioalbumet til Paul Simon og kom ut i 1975.
Albumet produserte fire hitsinglar, «Gone at Last», «My Little Town», «50 Ways To Leave Your Lover» (#1) og tittelsporet. Albumet vann prisen for «Årets album» under Grammy-utdelinga i 1975. Under takketalen takka Simon Stevie Wonder, som hadde vunne prisen dei to føregåande åra for Innervisions og Fulfillingness' First Finale, for at han ikkje gav ut eit album dette året. Wonder vann prisen igjen med Songs in the Key of Life året etter.
På songen «My Little Town» fekk Simon med seg den gamle partnaren Art Garfunkel. Dette var første gong dei var i studio i lag sidan 1970. Simon har gjeve trommeslagar Steve Gadd æra for den unike rytmen som vart til «50 Ways To Leave Your Lover».
Innhald
Medverkande Paul Simon - vokal, gitar John Tropea - elektrisk gitar Patti Austin - korvokal Art Garfunkel - vokal på «My Little Town» Phoebe Snow - korvokal, vokal på «Gone at Last» Joe Beck - elektrisk gitar Michael Brecker - saksofonsolo Bob James - elektrisk piano David Sanborn - saksofon Grady Tate - trommer Pete Carr - elektrisk gitar Sivuca - trekkspel, vokal Ralph MacDonald - perkusjon Chicago Community Kor - korvokal Barry Beckett - elektrisk piano Eddie Daniels - saksofon Gordon Edwards - bass Jerry Friedman - elektrisk gitar Steve Gadd - trommer Roger Hawkins - trommer David Hood - bass The Jessy Dixon Singers - korvokal Tony Levin - bass Hugh McCracken - gitar Leon Pendarvis - piano Valerie Simpson - korvokal Richard Tee - piano Toots Thielemans - munnspel Phil Woods - saksofon Kenny Ascher - orgel, elektrisk piano Dave Matthews - hornarrangement
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Still Crazy After All These Years» frå , den 5. november 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Paul Simon-album Kategori:Årets album i USA