Surprise er det ellevte studioalbumet til Paul Simon og det kom ut i mai 2006.
Etter å ha hatt noko suksess med You're the One i 2000, som han vart nominert til Grammy-prisen for «Årets album» for, la han ut på turne, mellom anna i lag med Art Garfunkel som Simon & Garfunkel i 2003 og 2004. I 2004 starta Simon arbeidet det nye albumet og vart introdusert for produsenten Brian Eno.
Albumet vart spelt inn i London, New York og Nashville. Simon møtte først Brian Eno i London for å diskutere korleis dei skulle blande den elektroniske produksjonen til Eno med den akustiske gitaren til Simon.http://www.usatoday.com/life/music/news/2006-06-18-paul-simon_x.htm Eno vart til slutt ikkje tilskriven som produsent, men for å ha skapt «lydlandskap». Simon var takksam for dette på albumet: «Å arbeide med Brian Eno opnar døra til ei ny verd med lydmessige mogelegheiter; samt at han er ein flott fyr å ha med seg i studio, eller i livet for den saks skuld. Eg hadde det verkeleg kjekt.»
Surprise fekk positiv kritikk hos dei fleste kritikarane. Det fekk 78/100 på Metacritic, basert på 23 profesjonelle meldingar. Simon la ut på turne etter albumet kom ut for å gjere reklame for det. Albumet selde ganske godt og nådde 14. plass på den amerikanske albumlista, medan det i Storbritannia gjekk til fjerdeplass og i Noreg nådde det 20. plass.
Innhald
Medverkande Paul Simon – Vokal, gitar Adrian Simon – Vokal Jessy Dixon Singers – Vokal Vincent Nguini – Akustisk gitar Bill Frisell – Elektrisk gitar Herbie Hancock – Piano Gil Goldstein – harmonium, keyboard Alex Al – Bass Abraham Laboriel – Bass Pino Palladino – Bass Leo Abrahams – Bandlaus bass Robin DiMaggio – Trommer Steve Gadd – Trommer Jamey Haddad – Perkusjon Brian Eno – Elektronikk, lydlandskap
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Surprise (Paul Simon album)» frå , den 6. november 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff A Psychic Meltdown, Joined in Progress – brief analysis of "Everything About It Is a Love Song" by Tom Moon for NPR's Song of the Day.
Kategori:Album produserte av Brian Eno Kategori:Paul Simon-album Kategori:Musikkalbum frå 2006