2016 (romartal MMXVI) var eit skotår som byrja på ein fredag i den gregorianske kalenderen.
2016 var utnemnd av SN til internasjonalt år for belgfrukter.«Years», un.org
Hendingar
Utlandet 14. januar: WHO erklærte at den to år lange ebolaepidemien i Vest-Afrika var over. 22. april: Den internasjonale klimaavtalen Parisavtalen blei underskriven av 175 land. 13. juli: Theresa May overtok som statsminister i Storbritannia etter David Cameron, som trekte seg etter at folkeavstemminga om EU-medlemskap blei vunnen av utmeldingssida. 5.-21. august: Sommar-OL 2016. Dei 31. olympiske sommarleikane blei haldne i Rio de Janeiro i Brasil. 31. august: Dilma Rousseff blei avsett som president av Brasil etter ei riksrettssak. 7.-18. september: Paralympiske sommarleikar blei skipa til i Rio de Janeiro i Brasil. 8. november: Presidentval i USA. Donald Trump blei vald til president og Mike Pence til visepresident. Det republikanske partiet heldt på fleirtalet sitt i begge kammera av Kongressen.
Noreg Sarpsborg fylte 1000 år. 12.-21. februar - Vinter-OL for ungdom 2016 vart halde på Hamar, Gjøvik, Øyer, Oslo og Lillehammer 18. april: Goliatfeltet blei offisielt opna av olje- og energiminister Tord Lien.Dagens Næringsliv 18. april 2016, Goliat offisielt åpnet. Vitja 18. april 2016. 27. april: Fylkestinga i Nord- og Sør-Trøndelag vedtok, på Stiklestad, at fylkea skulle slå seg saman til Trøndelag fylke. Samanslåinga skulle skje frå og med 1. januar 2018.NRK 27. april 2016, Sanner: – En historisk og viktig dag. Besøkt 27. april 2016. 5. august: Prinsesse Märtha Louise og Ari Behn kunngjorde skilsmisse. 31. desember: Jernbaneverket blei avvikla, og oppgåvene blei overførte til Jernbanedirektoratet og Bane NOR.Ny jernbaneorganisering
Fødde 2. mars: Oscar av Sverige 19. april: Alexander av Sverige
Døde
10. januar: David Bowie, engelsk artist 10. januar: Bård Breivik, norsk skulptør 11. januar: Berge Furre, norsk histrikar og politikar 24. januar: Fredrik Barth, norsk sosialantrpolog 10. februar: Jakob Aano, norsk politikar 16. februar: Umberto Eco, italiensk forfattar 20. mars: Anker Jørgensen, dansk statsminister 24. mars: Johan Cruijff, nederlandsk fotballspelar 31. mars: Hans-Dietrich Genscher, tysk politikar 21. april: Prince, USA-amerikansk musikar 24. april: Eva Jensen, norsk forfattar 2. juli: Elie Wiesel, rumensk-amerikansk forfattar og nobelprisvinnar 23. juli: Thorbjörn Fälldin, svensk statsminister 22. august: Per Lønning, norsk biskop 22. august: Toots Thielemans, belgisk jazzmusikar 23. august: Berit Mørdre, norsk langrennsløpar 24. august: Walter Scheel, tysk forbundspresident 25. august: James Cronin, amerikansk fysikar og nobelprisvinnar 26. august: Harald Grønningen, norsk langrennsløpar 29. august: Gene Wilder, amerikansk skodespelar 25. desember: George Michael, britisk musikar 25. desember: Vera Rubin, amerikansk astronom 27. desember: Carrie Fisher, amerikansk skodespelar
Kjelder