Per Wästberg () er ein svensk skjønnlitterær forfattar, litteraturkritikar og journalist.
Wästberg debuterte som forfattar i 1949. Han vart i 1953 journalist i avisa Dagens Nyheter, seinare òg kulturredaktør. Frå 1976 til 1982 var Wästberg sjefredaktør for Dagens Nyheter. I 1997 vart Wästberg innvald som medlem i Svenska Akademien, der han har stol nummer 12.
Politisk engasjement
Wästberg har òg utmerkt seg ved eit sterkt politisk engasjement knytt til ytringsfridom og menneskerettar. I 1964 var han medstiftar av den svenske avdelinga av Amnesty International. I 1967 vart han leiar for den svenske PEN-klubben. Seinare var han òg leiar for International PEN frå 1979 til 1986.«Companion of The Order of the Companions of OR Tambo in Silver Awarded to Per Wästberg (1933 -)» , Presidency of the Republic of South Africa. Etter reiser i Afrika voks det fram eit aukande engasjement retta mot kolonialisme og raseskiljepolitikken i Rhodesia og Sør-Afrika. I 1959 vart han utvist frå Rhodesia, året etter òg frå Sør-Afrika. Han utgav i 1960 to bøker om dei to landa, Förbjudet område og På svarta listan, som fekk tyding for kampen mot apartheid.
Prisar og utmerkingar (utval) Årstal Prisar BoktittelApril 2008 Utnemnd til medlem av den sørafrikanske Ordenen O. R. Tambos følgjesvenerfor sitt bidrag til kampen mot kolonialisme i Afrika og apartheid i Sør-Afrika.2001 Augustprisen Minnets stigar1997 Samfundet De Nios store pris 1995 Gerard Bonniers pris 1993 Övralidsprisen 1993 Wahlström og Widstrands litteraturpris
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Per Wästberg» frå , den 7. november 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Medlemmar av Svenska Akademien Kategori:Svenske forfattarar Kategori:Folk frå Stockholm