Anders Platou Wyller () var ein norsk litteraturforskar og humanist. Han var gift med Anne-Marie Strindberg, dotter av forfattaren August Strindberg og Harriet Bosse.
Wyller var leiar av Det Norske Studentersamfund i 1925. Han budde lenge i Frankrike og var norsk lektor ved Sorbonne. Han vart dr. philos. i 1936 med avhandlinga Paul Claudel. En kristen diktar og dramaene hans. Han stifta Nansenskolen saman med Kristian Schjelderup og Henriette Bie Lorentzen i 1937.
Ved invasjonen 9. april 1940 melde Wyller seg til teneste og vart sendt til Nord-Noreg der han hovudsakleg jobba for NRK. Då kryssaren HMS «Devonshire» 7. juni forlét Tromsø med kurs for England var Wyller ombord saman med Kongen, Kronprinsen og fleire regjeringsmedlemmar. Han jobba ei kort tid for BBC i London før han vart diagnostisert med kreft. Han vart sendt med fly til Sverige der han fekk treffe familien før han døydde 2. oktober.
I boka Kjempande humanisme, som kom ut etter han døydde, presenterer han visjonane sine om menneskeverd og kristen humanisme.
Verk Kjempende humanisme: artikler og taler. Aschehoug, Oslo (1947)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «» frå , den 8. november 2010.
Bakgrunnsstoff Helsingborgs bibliotek - Kataloginformasjon
Kategori:Norske humanistar Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Formenn av Det Norske Studentersamfund