Hella Maria Murrik Wuolijoki () var ein estisk-finsk forfattar og politikar.

Ho var fødd i Estland og studerte i Tartu, men flytta til Helsingfors i 1904.

I 1920- og 1930-åra var ho ein av dei leiande politikarane på den venstresosialistiske sida og ho var medlem av Riksdagen frå 1946 til 1948. Frå 1945 til 1949 var ho kringkastingssjef.

Som forfattar skreiv Wuolijoki om lag 20 naturalistiske skodespel og dei fleste av dei omhandla livet på landet. I tillegg tok ho ofte opp kvinneproblem, mellom anna i Kvinnene på Niskavuori (1936). Ho er mest kjend for Niskavuori-serien som framleis vert spelt og som er filma fleire gonger.

Bertolt Brecht budde hos henne då han var på flukt, og saman skreiv dei Herr Puntila und sein Knecht Matti (1940).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Estiske forfattarar Kategori:Finske forfattarar Kategori:Finske politikarar Kategori:Finske sosialistar