Langevatnet er ein innsjø som ligg i Gulen kommune i Vestland. Han er ein del av Svardalsvassdraget og er 3,0 km lang og 0,1 – 0,7 km brei. Langevatnet ligg 13 meter over havet og har eit areal på 0,88 km²..NVE Atlas , Norges vassdrags- og energidirektorat Vatnet har utløp mot vest gjennom Tverrelva, som munnar ut i Litlevatnet.
Fiskebestandane i Langevatnet vart på slutten av 1900-talet sterkt skadd som følgje av sur nedbør. Bestanden av røye i vatnet gjekk tapt på 1980-talet til trass for gode *gyteforhold.Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5 Bestanden av aure vart derimot sett på som god.Annie Elisabeth Bjørklund, Bjart Are Hellen: Kalkingsplan for Gulen kommune, 1997, s.51, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 286, 1997, ISBN 82-7658-145-5 Bestanden av aure i Langevatnet vart òg vurdert som «god» i 1990, til trass for at vassdraget var særs surt og hadde høgt innhald av aluminium. Ei forklaring kan vere at både saltinnhaldet og innhaldet av organisk stoff i vassdraget var høgt, noko som truleg bidrog til å redusere giftverknaden av aluminium og hindre salttap. For å bøte på skadane som følgje av forsuringa vart det i 1992 sett i gang bekkekalking ved Svardalsvatnet, som ligg oppstraums frå Langevatnet. I åra 1994 – 2002 vart Svardalsvatnet fullkalka, noko som òg påverka Langevatnet. Kalkingsprosjektet er no avslutta.Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, s.95, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4
Kjelder
Kategori:Innsjøar i Gulen