James McFadden () er ein skotsk fotballspelar som har spela for Birmingham City i engelsk Premier League og for det skotske fotballandslaget.

McFadden debuterte som profesjonell fotballspelar for Motherwell i skotsk Premier League i 2000/01-sesongen, 17 år gammal. Han vart kåra til årets unge skotske spelar av det skotske fotballforbundet i 2003. Same året vart han selt til engelske Everton for 1,25 millionar pund. Dei første tre sesongane sine i klubben spelte han dei fleste ligakampane, men frå 2006/07-sesongen fekk han færre kampar for Everton. I januar 2008 gjekk han til Birmingham for 5 millionar pund og har spelt regelmessig for førstelaget der.

McFadden debuterte for Skottland sitt A-landslag som 19-åring, i ein privatlandskamp mot Sør-Afrika. Han skåra det første landslagsmålet sitt 6. september 2003 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Færøyane.

Kategori:Skotske fotballspelarar Kategori:Motherwell-spelarar Kategori:Everton-spelarar Kategori:Birmingham-spelarar